Kjerringa kjøpte seg tolv appelsinar,
hei, fara, tolv appelsinar!
Det skulle bli godt no til juletidar,
hei, fara, falturilturaltura.
Men trur du'kje kjerringa gløymde dei,
hei, fara, ho gløymde dei!
Så låg dei på benken og godgjorde seg,
hei, fara, falturilturaltura.
Da måtte kjerringa skunda seg litt,
hei, fara, skunda seg litt!
No måtte ho gjer' noko ganske kvikt,
hei, fara, falturilturaltura.
Av innhaldet gjorde ho appelsinjus,
hei, fara, appelsinjus!
Han blei mykje betre enn saft eller brus,
hei, fara, falturilturaltura.
Av skalet så stakk ho ut hjartar små,
hei, fara, hjartar små!
Og la dei på plate med bak'papir på,
hei, fara, falturilturaltura.
Skalrestane gjekk til peisens eld,
hei, fara, til peisens eld!
Då lukta det sanneleg julekveld,
hei, fara, falturilturaltura.
Og hjartane la ho i sukkerlake,
hei, fara, i sukkerlake!
Dei skulle bli godis til pepperhuskaker,
hei, fara, falturilturaltura.
Ein time etter hadd' laka minka,
hei, fara, laka minka!
Men restane sparte ho til juledrinkar,
hei, fara, falturilturaltura.
Kjerringa hadde kjøpt tolv appelsinar,
hei, fara, tolv appelsinar!
Dei blei mykje godt no til juletidar,
hei, fara, falturilturaltura.
Ni-ganger'n
-
Forslagene til Nasjonal transportplan ble lagt frem denne uken, denne
planen omfatter tranport på skinner, vei, sjø og i luft i Norge.
Samtidig kan vi i DN...

Høres ut som det blir jul ihvertfall :)
SvarSlettKan man virkelig spise appelsinskall sånn? Smaker det ikke litt bittert, eller sprøtemiddel?
Hehe, ja :)
SvarSlettMan må skylle appelsinene/mandarinene godt før man skreller dem, for å få av sprøytemiddelet. Også kokes de i sukker og vann i en time, før man strør sukker over de på begge sider og lar de ligge i ca. et døgn. Etter det smaker de mest søtt :) Og litt bittert, men alt med appelsinsmak smaker jo litt bittert.